Kva kostar det å nytte advokat ?
Ved oppstart av oppdraget vil det verte utarbeidd oppdragsstadfesting
som syner korleis salæret vert berekna.
Salærberekninga vil i utgangspunktet vere avhengig av tidsbruken i saka. Vår rettleiande timesats ligg normalt i området
kr 1 000,- - kr 1 750,- med tillegg av 25 % meirverdiavgift. Timesatsen
avheng m.a. av type sak og kompleksitet.
Særskilde utlegg i samband med saka kjem i tillegg.
Har du rettshjelpsforsikring ?
I dei fleste private skadeforsikringar; bil, hus, hytte og innbu,
inngår ei retthjelpsforsikring. Utgiftene til advokathjelp vil i mange sakstypar verte dekka av denne forsikringa.Vilkåra kan variere noko mellom selskapa. Vi kan gi deg svar på om
saka di fell inn under ordninga og handtere dette opp mot forsikringsselskapet.
Fri rettshjelp
Fri rettshjelp vil medføre at utgifter til rådgjeving eller sakførsel på ei rekke praktiske saksområder vert dekka heilt eller delvis av det offentlege. Du må i så fall ha inntekt og formue under ei maksgrense, og fri rettshjelp vert gitt til visse prioriterte sakstypar. Vi kan gi deg svar på om du har krav på fri rettshjelp.