PRISAR

Kva kostar det å nytte advokat?

Ved oppstart av oppdraget vi det verte utarbeidd oppdragsstadfesting som syner korleis salæret vert beregna.

Salærberekninga vil i utgangspunktet vere avhengig av tidsbruken i saka. Vår rettleiande timesats ligg normalt i området kr 1 600,- - kr 2 100,- med tillegg av 25 % merverdiavgift. Timesatsen avheng m.a. av type sak og kompleksitet.

Særskilde utlegg i samband med  saka kjem i tillegg.

Har du rettshjelpsforsikring?

I dei fleste private skadeforsikringer; bil, hus, hytte og innbu, inngår ei rettshjelpforsikring. Utgiftene til advokathjelp vil i mange sakstyper verte dekka av denne forsikringa. Vilkåra kan variere noko mellom selskapa. Vi kan gi deg svar på om saka di fell inn under ordninga og handtere dette opp mot forsikringsselskapet.

Fri rettshjelp

Fri rettshjelp vil medføre at utgifter til rådgjeving elle sakførsel på ei rekke praktiske saksområder vert dekka heilt eller delvis av det offentlege. Du må i så fall ha inntekt og formue under maksgrense, og fri rettshjelp vert gitt til visse prioriterte sakstypar. Vi kan gi deg svar på om du har krav på fri rettshjelp.


 

 

 





 
 
 
 
Post
Ring
Om