Kva kostar det å nytte advokat?
Lurer du på kva det kostar å nytte advokat? Her finn du informasjon om våre prisar og timesatsar.
Ved oppstart av oppdraget vil du motta oppdragsstadfesting der timepris framgår. Salærberekninga vil i utgangspunktet vere avhengig av tidsbruken i saka.
Vår timesats er kr 3 125,- for privatpersonar (kr 2 500,- + mva) og kr 2 500,- til 3
500,- + mva for næringslivsklientar.
Timesatsen avheng m.a. av type sak og kompleksitet.
Arbeid utført av advokatassistent vert fakturert med kr 1 875,- per time inkl mva (kr 1 500,- eks mva).
Særskilde utlegg i samband med saka kjem i tillegg.
I dei fleste private skadeforsikringer; bil, hus, hytte og innbu, inngår ei rettshjelpforsikring. Utgiftene til advokathjelp vil i mange sakstyper verte dekka av denne forsikringa. Vilkåra kan variere noko mellom selskapa. Vi kan gi deg svar på om saka di fell inn under ordninga og handtere dette opp mot forsikringsselskapet.
Fri rettshjelp vil medføre at utgifter til rådgjeving eller sakførsel på ei rekke praktiske saksområder vert dekka heilt eller delvis av det offentlege. Frå oktober 2025 er det store endringar i vilkåra for å få fri rettshjelp. Du kan lese meir om dette, samt sjekke om du oppfyller vilkåra for fri rettshjelp på Statsforvaltaren sine sider. Fri rettshjelp | Statsforvaltaren.no