Advokatane i Sunnfjordadvokatane – gruppebilete
Logo Sunnfjordadvokatane

Lokalt forankra –
fagleg styrke

Treng du advokat i Førde eller Florø? Sunnfjordadvokatane er eit advokatfellesskap i Sogn og Fjordane, som blei etablert i 2003. Vi har kontor i både Førde og Florø. 

Vi kan hjelpe deg med alt frå førebyggande rådgjeving til løysing av konkrete problem. Vi kan utforme viktige dokument for deg, hjelpe deg i forhandlingar eller bistå i annan konflikthandtering. Vårt mål er alltid å gje deg ei fagleg sterk, trygg og føreseieleg rettshjelp som er tilpassa dine behov. Vi vil vurdere saka di, finne fram til relevante reglar, vurdere bevissituasjon og freiste å hjelpe deg til å finne konkrete løysingar. 

Lokalt næringsliv står ofte i kryssinga mellom juss, økonomi og praktiske utfordringar. Vi kan være ein trygg sparring-partner som hjelper bedrifta til å navigere gjennom reglar, avtalar og avgjerder som kan få stor betydning for deg. 

Som advokatar har vi strenge reglar for teieplikt og oppbevaring av sensitive opplysingar. Du kan være trygg på at vi handsamar din informasjon på ein sikker måte. 

Vi tilbyr høg tilgjengelegheit og rask tilbakemelding. Ta gjerne kontakt for å få meir informasjon.

Fjellandskap i Sunnfjord, Sogn og Fjordane

Fagfelt

Vi hjelper både privatpersonar og næringsdrivande i Sunnfjord og elles. Sjå våre fagområde nedanfor, eller ta kontakt for ei vurdering av di sak.

Kven vi er

Sunnfjordadvokatane er eit kontorfellesskap. Advokatane våre har lang erfaring innanfor eit breitt område, og bistår næringsliv og privatpersonar. 

Advokat Asbjørn Løvik – Sunnfjordadvokatane

Advokat Asbjørn Løvik

Advokat Lisa Refsnes – Sunnfjordadvokatane

Advokat Lisa Refsnes

Advokat Olve Grotle – Sunnfjordadvokatane

Advokat Olve Grotle

Saksbehandler Alica Nesje – Sunnfjordadvokatane

Saksbehandler Alica Nesje

Advokat Andreas Rønnekleiv – Sunnfjordadvokatane

Advokat Andreas Rønnekleiv

Våre kontor

Kontorlokalet i Førde - Sunnfjordadvokatane

Avdeling Førde

Vi har kontor i Elvegården, med inngang ved kortenden av bygget mot Bohus. Du finn oss i fjerde etasje.



Besøks- og postadresse: Naustdalsvegen 1 B, 6800 Førde
Epost: post@sadvokat.no
Telefon: 57 82 91 90

Kontorlokalet i Florø - Sunnfjordadvokatane

Avdeling Florø

Vi har kontor i Byx sentralt i Strandgata, i det gamle Sparebank-bygget. Du finn oss i fjerde etasje.



Besøksadresse: Strandgata 52, 6900 Florø
Postadresse: Naustdalsvegen 1 B, 6800 Førde
Epost: post@sadvokat.no
Telefon: 57 82 91 90