Kva kan vi hjelpe med?
Vi tilbyr advokattenestar i Sunnfjord, innan eit breitt spekter av fagfelt. Vi gir råd slik at du skal føle deg trygg i dei prosessane du står i. Vi hjelper med å løyse juridiske problem og kan representere deg i saker der du treng fagleg støtte. Vi gir tydelege anbefalingar og har føreseielege prosessar og sterk forhandlingskraft.
Ta gjerne kontakt med oss for å få meir informasjon om kva vi kan hjelpe deg med!
Nedanfor finn du informasjon om dei fagfelta som vi oftast vert kontakta om. Men dette er ikkje ei uttømmande liste.

Vi erfarer at våre advokatar er ein verdifull sparringspartnar for lokalt næringsliv. Vi kombinerer juridisk kompetanse med lokalkunnskap og praktisk erfaring. Våre advokatar tilbyr fortrulege diskusjonar rundt utfordringar og moglegheiter i di bedrift. Vi kan gje strategiske råd, sikre etterleving av regelverk og bidra til at prosessane fram til avgjerd vert gode.
Mange tvistar kunne vore unngått dersom partane hadde ei klar avtale som gav nok informasjon om kva rettar og plikter som var avtalt. Vi hjelper med utforming av avtalar og kontraktar slik at du kan unngå at det vert tvist om innhaldet i avtalen eller om denne er gyldig. Dersom konflikt har oppstått kan vi bistå i tvisteløysinga, fortrinnsvis ved å forsøke å finne gode minnelege løysingar, eller ved domstol/jordskifterett.
I arbeidslivet er det ei rekke reglar som gjeld for arbeidstakarar og arbeidsgjevarar. Dette gjeld til dømes arbeidsavtalar, partane sine plikter under arbeidsforholdet, oppseiing, avskjed eller varsling. Vårt kontor har lang erfaring med å hjelpe både arbeidstakarar og arbeidsgjevarar i slike prosessar.
Sal og overføring
Vi bistår med sal og overføring av fast eigedom. Dette kan til dømes være overføring ved generasjonsskifte, eller andre tilfelle der det allereie er avklart kven som skal kjøpe eller overta eigedommen. Reine eigedomsmeklaroppdrag, der eigedommen vert avertert for sal i den opne marknaden ligg utanfor det vi bistår med. Ved sal eller overføring av fast eigedom har vi høve til å tilby digitale signeringsløysingar og elektronisk tinglysing. Vi kan også tilby eigarskifteforsikring gjennom vår samarbeidspartnar. Vi syter for utforming av kjøpekontrakt og står for det praktiske ved sjølve overføringa, slik at både kjøpar og seljar får ein trygg og sikker transaksjon.
Rettar til fast eigedom
Det kan oppstå spørsmål om kva rettar og plikter som gjeld for ein eigedom. Dette kan til dømes være spørsmål om odel og åseterett, omfang og eksistens av vegrett, naustrett, tilkomstrett eller jaktrett. Det kan også vere spørsmål om eigedomsrett til eit areal, som kan omfatte spørsmål om hevd, langvarig bruk osv. Vårt kontor har brei erfaring med å bistå i slike saker, både ved å avklare det rettslege grunnlaget for eventuelle rettar, ved dialog og forhandlingar mellom partane, og ved domstolshandsaming dersom partane ikkje vert samde.
Mange tvistar kunne vore unngått dersom partane hadde ei klar avtale som gav nok informasjon om kva rettar og plikter som var avtalt. Vi bistår med utforming av avtalar og kontraktar slik at du kan unngå at det vert tvist om innhaldet i avtalen eller om denne er gyldig.
Manglar
Etter kjøp/sal kan det oppstå spørsmål om det ligg føre mangel, og kva rettar og plikter gjeld ved slike høve. Mangelsspørsmål kan både oppstå ved nybygg etter bustadoppføringslova og ved brukte eigedomar etter avhendingslova. Men også i samband med arbeid elles etter handtverkartenestelova. Vi bistår både profesjonelle tenesteytarar og private forbrukarar i slike saker.
God arveplanlegging gir kontroll slik at verdiane dine vert fordelt slik du ønsker. Arveplanlegging handlar også om å bruke riktig verktøy innanfor dei rammene som lova set, slik at dine val står seg rettsleg. Vi gir råd og hjelper mellom anna med testament, ektepakt, sambuaravtalar og framtidsfullmakter, slik at du får det slik du vil.
Vi har også brei erfaring med skifte av dødsbu, både ved privat og offentleg skifte. To av våre advokatar har stilling som faste bustyrarar i skiftesaker ved Sogn og Fjordane tingrett. Ved tildelinga av desse rollene la tingretten vekt på faglege kvalifikasjonar, spesialkompetanse, personleg eignaheit og tilknyting til eit kontor med eit etablert fagmiljø.
Vårt mål er å gje deg trygg støtte slik at du kan ta gjennomtenkte val ved fordeling av eigedelar og verdiar under det økonomiske oppgjeret ved eit samlivsbrot eller skilsmisse. Ei ektepakt eller ei sambuarkontrakt kan være eit nyttig verktøy for å sikre ei ryddig og rettferdig fordeling av verdiane dersom det seinare skulle kome til samlivsbrot mellom dykk. Dersom samlivsbrotet er eit faktum, er det viktig at du har god oversikt over dine rettar og plikter. Vi hjelper deg med å forstå konsekvensane av dei val du tek, og kan bistå deg for å få til eit riktig og oversikteleg oppgjer.
Vi har også brei erfaring med offentleg skifte ved skilsmisse. To av våre advokatar har stilling som faste bustyrarar i skiftesaker ved Sogn og Fjordane tingrett. Ved tildelinga av desse rollene la tingretten vekt på faglege kvalifikasjonar, spesialkompetanse, personleg eignaheit og tilknyting til eit kontor med eit etablert fagmiljø.
I offentleg forvaltning er det ei rekke lovar og reglar å halde seg til. Det kan til dømes være tale om kommunal tenesteyting innan plan- og bygg eller helse- og omsorg, eller tenester som vert ytt av NAV, Norsk pasientskadeerstatning, eller andre statlege organ. I nokre saker kan det være spørsmål om det ligg føre mangelfull sakshandsaming eller feil frå det offentlege. Vi gir bistand og vegleiing gjennom søknadsprosessar og eventuelle klager på vedtak. Alle våre advokatar har inngåande kjennskap til, og arbeidserfaring frå, ulike sektorar i offentleg forvaltning. Samla har advokatane erfaring frå trygderett, pasient- og brukarombodet, kommuneadvokat, politi- og påtale samt politisk tilsett ordførar og stortingsrepresentant. Vi drar vekslar på vår breie erfaring og kunnskap om norsk forvaltning slik at du får den hjelpa du treng.
Vårt kontor har særleg kompetanse innanfor konkurs og insovlens. To av våre advokatar har stilling som faste bustyrarar i konkurssaker ved Sogn og Fjordane tingrett. Ved tildelinga av desse rollene la tingretten vekt på faglege kvalifikasjonar, spesialkompetanse, personleg eignaheit og tilknyting til eit kontor med eit etablert fagmiljø.
Ved vårt kontor tilbyr advokat Lisa Refsnes bistand i straffesaker. Lisa har tidlegare jobba i påtalemakta i cirka ti år. Dei siste åra som seksjonssjef i Sogn og Fjordane politidistrikt med ansvar for drift av påtaleseksjonen og leiaransvar for politiadvokatane i distriktet. Ho har inngåande kjennskap til etterforsking og prosess i straffesaker. Hennar mål vil være å syte for at din rettstryggleik vert ivareteken.