Advokat Lisa Refsnes - Sunnfjordadvokatane

Lisa Refsnes

Advokat MNA

Refsnes Advokat AS
Org.nr.: 933 883 302

Telefon: 57 82 91 90
Mobil: 917 58 602
E-post: refsnes@sadvokat.no

Lisa Refsnes har brei og lang prosedyreerfaring. Ho har handsama rettssaker frå alle sider av bordet, både som aktor i politiet, som dommarfullmektig i Sogn og Fjordane tingrett og som advokat. Ho har ei sterk forståing av kva som faktisk fungerer i rettssalen.

Etter over 20 års arbeidserfaring har Lisa ein kombinasjon av fagleg styrke, strategisk forståing, og evne til å formidle ei sak på ein tydeleg og effektiv måte. Lisa har også verv som fast bustyrarar i konkurs- og skiftesaker ved Sogn og Fjordane tingrett. Som tidlegare pasient- og brukarombod i Sogn og Fjordane var ho ein pådrivar for å sikre at innbyggarane fekk sine rettigheiter ivareteke. Lisa har også god kjennskap til lokalt næringsliv frå tida ho var fagsjef for HMS- og kvalitet i Nor Tekstil konsern. 

Lisa er frå Florø og jobbar mest på vårt Florø- kontor. Ho er som florøværingar flest opptatt av å styrke og vidareutvikle Florø som ein god plass å arbeide og bu i.