GENERELLE ANSVARSVILKÅR

Advokat Andreas Rønnekleiv (Advokat Andreas Rønnekleiv MNA, org.nr. 980 331 849, Naustdalsvegen 1B, 6800 Førde), advokat Asbjørn Løvik (Advokatfirmaet Asbjørn Løvik AS, org.nr. 926 402 706, Naustdalsvegen 1B, 6800 Førde) og advokat Ingeborg Johanna Sunde  (Advokatfirma Sunde AS, org. nr. 917 859 973, Naustdalsvegen 1B, 6800 Førde).

 

Advokatene og advokatfullmektiger som er tilknytt desse advokatfirma har løyve til å drive advokatverksemd i Norge utferda av Tilsynsrådet for Advokatvirksomhet og er medlemmer av Advokatforeningen. Alle er såleis underlagt Advokatforeningen sine vedtak og ordningar for obligatorisk etterutdanning og handsaming av disiplinærsaker.

 

Våre generelle oppdragsvilkår er som følger:

 

Gjennomføring av oppdraget

Advokaten vil ivareta klienten sine interesser på best mogeleg måte. Oppdrag vil bli utført i samsvar med kvalitetssikringsrutinane våre, og elles i samsvar med Advokatforskrifta og Advokatforeningens si salærrettleiing.

 

Oppstart

Interessekonflikter og andre forhold kan medføre at advokaten ikkje kan eller bør ta oppdraget. Dette er forhold som fortrinnsvis blir undersøkt før oppdraget vert etablert. Klienten plikter å bidra til slik avklaring. Tilsvarande vurderingar blir føreteke i etablerte oppdrag dersom nye partar trer inn i saka. Dersom omsynet til klienten tilseier det og særlige grunnar ikke talar i mot det, kan oppdraget ta til før avklaringa er fullført. Advokaten kan i slike tilfeller måtte seie frå seg oppdraget seinare på grunn av seinare avklaring.

I samsvar med  lov av kvitvasking skal advokaten som hovudregel gjennomføre kundekontroll med indentifikasjonskontroll. Vi gjer merksam på at advokaten ved mistanke om at transaksjonar har tilknytning til utbytte av straffbar handling osv. er pålagt å informere Økokrim om dette utan å informere klienten eller tredjepersonar.

Fri rettshjelp

Etter rettshjelpslova kan visse saker gi rett til at advokatbistand blir dekka av staten (fri rettshjelp). Nokre saker kvalifiserer alltid til fri rettshjelp, andre saker føreset at klienten si inntekt/formue ligg under rettshjelplova sine inntekts- og formuegrenser, som p.t. er høvevis kr. 246.000 (einslege), kr 369.00 (ektepar, reg. partnarar m.m) og kr 100.000 (nettoformue). Statsforvaltaren kan i visse tilfelle gjere unntak frå grensene. Nærmare informasjon om fri rettshjelp kan de få hos Statsforvaltaren eller ved kontoret vårt. Dersom fri rettshjelp kan vere aktuelt, bør dette bli tatt opp for avklaring med oss snarast. Det er ein eigendel på fri rettshjelp som klienten sjølv er ansvarleg for.

Rettshjelpforsikring

Visse saker kan bli dekka av rettshjelpforsikring, dvs at klienten heilt eller delvis får dekka utgiftene til juridisk bistand av forsikringsselskapet. Dette vil gå fram av forsikringspolisane, og det bør undersøkjast om dette er aktuelt. Der det er aktuelt må forsikringsselskapet varslast så snart som mogeleg. Med mindre anna er avtalt, må klienten sjølv syte for å varsle forsikringsselskapet. Klienten er sjølv ansvarleg for eigendel på rettshjelpsforsikringa og eventuelt mellomlegg mellom advokaten sitt salærkrav og det beløp som forsikringsselskapet dekker.

Kostnader og salær

Klienten vil vere ansvarleg for rettsgebyr, kostnader til sakkyndige vitne og andre kostnader som påløper ved ein rettsleg prosess. Klienten vil vidare vere ansvarleg for motparten sine sakskostnader dersom dei vert dømt til det. Sakskostnader vil ofte, men ikkje alltid, verte belasta den part som ikkje får medhald.

Vårt salærkrav mot klienten vert ikkje redusert ved at klienten vert tilkjent mindre erstatning for sakskostnader enn storleiken på salærkravet.

Lovmessige avgrensingar som medfører avgrensingar i  klienten sin rett til å krevje erstatta kostnader til rettshjelp fra motparten avgrensar ikkje vårt salærkrav mot klienten. Slike lovmessige avgrensingar gjeld mellom anna i saker for forliksrådet og i småkravsprosessen.

Klienten sine eigne forhold

Til betre saka er opplyst og førebudd frå klienten si side, til meir effektivt vil vi kunne arbeide. Dette vil vidare kunne ha noko å seie for storleiken på salæret.

All kontakt til og frå motparten skal gå igjennom oss, og klienten må gi melding til oss straks det har vore direkte kontakt fra motparten eller motparten sin advokat. Klienten vil få sendt kopiar av all korrespondanse ut frå og inn til kontoret vårt i saka. Desse bør oppbevarast mellom anna fordi seinare kopiering av dette vil medføre kostnader som blir fakturert klienten.

 

Advokaten/advokatfirmaet sitt ansvar

Advokatfirmaet er ansvarleg i samsvar med dei alminnelege reglane om advokatar sitt profeksjonsansvar og er dekka av den lovpålagte trygda for utøving av advokatverksemd, som gjeld utan geografisk avgrensing. Det er: 

Gjensidige Forsikring ASA, postboks 700 Sentrum, 0106 OSLO som stiller trygda.

Sjølv om advokaten har gjort greie for si oppfatning av kva utfallet i saka kan bli, inneber ikkje dette alt advokaten har noko rettslig ansvar for at dette resultatet blir oppnådd.

Med mindre anna er avtalt omfattar ikkje oppdraget rådgjeving i forhold til dei skatte- og avgiftsrettslege sidene av saka. Advokaten/advokatfirmaet er ikkje ansvarleg for indirekte tap, her inkludert tapt forteneste. 

Advokaten/advokatfirmaet er ikkje ansvarleg for feil gjort av rådgjevara som advokaten har vist til eller for underleverandørar som advokaten etter avtale med klienten har overlate delar av oppdragsutføringa til.

Advokaten/advokatfirmaet er ikkje ansvarleg for tap av klientmidlar som følgje av konkurs eller andre forhold på banken si side. Det vert særskilt gjort merksam på at Bankenes Sikringsfond ikkje garanterer for meir enn 2 millionar kroner i innskot pr. innskyter (advokatfirma) pr. bank.

Handsaming av informasjon - teieplikt.

Advokatar har teieplikt for dei opplysningane dei får i saka, med dei unntak som går fram av lov (t.d. kvitvaskingslova). Alle medarbeidarar i firmaet har autorisert tilgang til opplysningane, og har underteikna skriftleg teieplikterklæring.

I den grad det er nødvendig for å oppfylle oppdraget samtykker klienten til at personopplysningar som er gitt frivillig, her inkludert sensitive personopplysningar, vert handsama av advokatfirmaet i samsvar med personopplysningslovs. Opplysningane blir berre gitt til andre partar, som motparter, domstol og offentleg organ, i den grad det er i samsvar med oppdraget. Det er eigar av advokatfirmaet som er hansamingsansvarleg etter personopplysningslova.

Klienten har rett til å krevje innsyn, retting eller sletting av personopplysningane vi behandlar. Klienten har vidare rett til å krevje begrensa behandling, rette motsegn mot handsaminga og krevje rett til dataportabilitet. Du kan lese meir om innhaldet i desse rettane på Datatilsynets nettside: Datatilsynet

Klage

Det er høve til å få vurdert om oppdraget er utført i samsvar med god advokatskikk, og vidare er det også høve til å klage dersom klienten ikkje er nøgd med storleiken på salæret. Kvaliteten på arbeid blir derimot i utgangspunktet ikkje vurdert av disiplinærrorgana.

Som hovudregel er det ein klagefrist på 6 månader. Denne gjeld fra det tidspunktet klagaren blei eller burde bli kjend med dei omstenda klaga er grunna på. Klaga blir behandla av Advokatforeningen sitt regionale displinærutval for Vestland som førsteinstans. Vedtak fra displinærutvalet kan ankast inn for Disiplinærnemnda.

Reglar for God Advokatskikk og nærmare opplysningar om klageordninga finn ein på Advokatforeininga si heimeside http://advokatenhjelperdeg.no under Klage på advokat.

Revisjon og oppdragsvilkår

Desse vilkåra blir normalt revidert ein gong i året, og elles når det måtte oppstå behov for dette.