top of page

PRISAR

Kva kostar det å nytte advokat?

Ved oppstart av oppdraget vert det utarbeidd oppdragsstadfesting som syner korleis salæret vert beregna.

Salærberekninga vil i utgangspunktet vere avhengig av tidsbruken i saka.

Vår rettleiande timesats ligg normalt i området kr 2 500,- til kr 3 125,- inkl mva (kr 2 000,- -2 500,- eks mva). 

Timesatsen avheng m.a. av type sak og kompleksitet.

Arbeid utført av advokatassistent vert fakturert med kr 1 250,- per time inkl mva (kr 1 000,- eks mva).

Særskilde utlegg i samband med saka kjem i tillegg.

Har du rettshjelpsforsikring?

I dei fleste private skadeforsikringer; bil, hus, hytte og innbu, inngår ei rettshjelpforsikring. Utgiftene til advokathjelp vil i mange sakstyper verte dekka av denne forsikringa. Vilkåra kan variere noko mellom selskapa. Vi kan gi deg svar på om saka di fell inn under ordninga og handtere dette opp mot forsikringsselskapet.

Fri rettshjelp

Fri rettshjelp vil medføre at utgifter til rådgjeving eller sakførsel på ei rekke praktiske saksområder vert dekka heilt eller delvis av det offentlege. Frå oktober 2025 er det store endringar i vilkåra for å få fri rettshjelp. Du kan lese meir om dette, samt sjekke om du oppfyller vilkåra for fri rettshjelp på Statsforvaltaren sine sider.  Fri rettshjelp | Statsforvaltaren.no 

© 2024 Sunnfjordadvokatane AS, Naustdalsvegen 1B, 6800 Førde - Telefon: 57 82 91 90

Medlemmer Advokatforeningen
bottom of page