
Vil du jobbe med oss?
Sunnfjordadvokatane er eit veletablert kontorfellesskap oppretta i 2003. I kontorfellesskapet er vi i dag to advokatar (tre frå januar) og ein advokatassistent. Vi har kontor i Førde og Florø.
Vi arbeider innanfor eit breitt fagfelt med klientar frå heile Sogn og Fjordane. Dei fleste av våre klientar er små og mellomstore bedrifter, samt privatpersonar. Vi har også bustyraroppdrag for tingretten.
På sikt ønskjer vi bli fleire. Det kan vere advokat som vil drive i eiga rekning, eller tilsett advokat evt. advokatfullmektig.
Hos oss får du ein variert og fleksibel arbeidskvardag med erfarne kollegaer. I Florø og Førde er det kort veg til det meste, noko som også kan gjere kvardags- og familielogistikken enklare.
Høyrest dette ut som noko for deg? Ring oss gjerne for ein uforpliktanede prat!
Kontaktpersonar:
- advokat Asbjørn Løvik tlf. 95475485
- advokat Lisa Refsnes tlf 91758602
