OPPGJERSOPPDRAG
I mange tilfelle vert fast eigedom seld utan bruk av eigedomsmeklar. I tilfelle der seljar har funne kjøpar til eigedommen, og kjøpar og seljar er samde om pris og andre vilkår, tek vi på oss oppdrag for å sikre at gjennomføring av handelen vert gjort på ein trygg måte, som sikrar begge partar sine interesser.
Også kjøpar sin långjevar/bank krev vanlegvis at det økonomiske oppgjeret blir gjort på ein måte som garanterer tinglysing av pant med forutsett prioritet. Dette sikrar ein med eit oppdrag av denne typen.
Når vi tek på oss eit oppgjersoppdrag, utarbeider vi kjøpekontrakt, skøyte, sikringsobligasjon og evt andre naudsynte dokument. Vi tinglyser sikringsobligasjon, skøyte og evt pantedokument og mottar og utbetaler kjøpesummen, herunder innfrir hefte, slik at kjøpar er sikra ein heftefri eigedom, og seljar er sikra avtalt kjøpesum.
For oppgjersoppdrag tek vi ein fastpris på kr 18 750 inkl mva + dekning av kostnader til mellom anna tinglysing og forsikring. Kostnader til tinglysing og forsikring er knytt til verdi på eigedom og tal på dokument som skal tinglysast. Desse kostnadane vert avklart når ein har oversikt over dette.
Om vi skal hjelpe til med større delar av salsprosessen, dvs t.d. ved utarbeiding av salsoppgåve og annonsere eigedommen for sal, gjeld andre vilkår/prisar, også der det er særleg omfattande arbeid knytt til oppdraget, kan andre vilkår gjelde.
Har du spørsmål må du gjerne ta kontakt med advokat Ingeborg Sunde eller advokatassistent Alice Nesje for ein uforpliktande prat.
Advokat Lisa Refsnes
Telefon: 917 58 602
E-post: refsnes@sadvokat.no
Advokatassistent Alice Nesje
Telefon: 992 64 149
E-post: nesje@sadvokat.no